Skip to content

Fysioterapeut Kjetil Simonsen tilbyr fysioterapi, yoga og Pilates.

Kjetil var ferdig utdanna fysioterapeut i 1997. I starten jobba han på Hauglandssenteret og sidan 2000 i privat praksis i Førde. Han har tidlegare drive treningssenter i Førde, og sidan 2016 vore ein del av Helsehuset Førde. Kjetil har driftstilskot frå Sunnfjord kommune.

Over dei siste tiåra har Kjetil gjennomført mange kurs innan behandling av muskel- og skjelettproblem. Det kan nemnast medisinsk treningsterapi (MTT), slynge / redcord, Cyriax Ortopeadic medicine, bindevevsterapi, koppingmassasje, kinesiotape, tverrfriksjonar og manipulasjon. Kjetil nyttar også Tai Chi, yoga og avspenning i behandlinga, og tilbyr Pilatestrening via Spenst Førde. Kjetil er einaste fysioterapeut i Noreg med utdanning innan både Muscle Balance and Function (MBF) og Egoscue – systemer for holdningsanalyse og betring av kroppshaldning.

Kjetil har over fleire år tatt kurs i ultralyddiagnostikk og ultralydvegleia injeksjonar for muskel- og skjelettproblem.

Telefon: 41 56 73 56
E-post: kjesim@gmail.com

Åpningstider: man-fre: 08-16

Du finn meg i tredje etasje