Personleg Trenar Synne Næss Ripe

PT nivå 2

Synne er ein energisk, glad og bestemt coach som har som lidenskap å hjelpe andre! Trening har alltid vore ein viktig del av livet hennar, med bakgrunn innan aktivitetar som symjing, fotball, riding, dans, vektløfting, styrketrening og crossfit. Etter snart 5 år i Forsvaret med 3 år som Idrettsoffiser i Hæren er ho no klar for å hjelpe deg med å nå dine mål!

Utdanning:

  • Bachelor idrett og kroppsøving v/HiSF
  • Personleg trenar v/HiSF
  • Coaching kurs v/HiSF
  • Crossfit Level 2 instruktør
  • CrossFit Gymnastics Trainer
  • Styrkecoach v/Atletisk utvikling
  • Rehab trainer v/AFPT
  • Screeningkurs v/Sjøforsvaret
  • Kurs «Fett Fra A til Å» v/AFPT
  • Slyngetrener 1
  • Pedagogikk og ledelse v/Hæren

Synne har ein brei bakgrunn innanfor trening, men har dei siste 3 åra lagt fokuset på skadeforebygging og styrketrening. Ho har i denne tida hatt ansvaret for den fysiske treninga på både soldater og ansatte i Sambandsbataljonen i Bardufoss, der ho har satt treninga for SBBN i system. I Hæren er tid alltid mangelvare, og det å få størst mogleg utbytte utav kvar einaste treningsøkt var difor essensielt for å lukkast. Uavhengig av om du har som mål å bli sterkare, skadefri, få betre kondisjon eller trene som operatørane i Forsvarets Spesial Kommando skal difor Synne kunne hjelpe deg på ein trygg og effektiv måte.

Det å utgjere ein forskjell er det som gir meg aller størst glede i jobben med mennesker, og individualisering er difor alltid i fokus. Som Personlig Trenar går eg inn med fullt engasjement i eit samarbeid, og ynskjer å møte deg der du er. Eg er genuint opptatt av at du skal nå dine mål raskest mogleg, og at du skal gå ifrå timen vår med ein god følelse. Dette skal eg oppnå ved hjelp av tilrettelagte og varierte treningsøkter, for å heile tida kunne motivere akkurat deg til å yte det lille ekstra. Uavhengig av alder og treningsbakgrunn vil vi saman kunne finne fram til både eit treningsprogram og eit kosthold som passar deg, dine mål og din kvardag. Enten målet ditt er å gå ned i vekt, auke i muskelmasse, eller rett og slett få meir kunnskap om trening; ta kontakt så finner vi ut kva eg kan gjere for å hjelpe nettopp deg!

For Synne er behovet for egenutvikling stort, og ho ynskjer å heile tida bli litt betre enn det ho var dagen før, for å kunne hjelpe sine kundar på ein meir effektiv måte.

Målet mitt er at du skal kunne få dei verktøya du treng for å ta treninga vidare på eigenhånd når du føler deg klar for det.

«Happiness lies, first of all, in health!»

Synne Næss Ripe
Epost:
synne_ripe@hotmail.com
Telefon: 482 25 560