Lien Helse

Til tross for auka samfunnsfokus på helse, får fleire og fleire livsstilsjukdommar. Vi får dårlegare tid, noko som resulterer i stress og kjappe matval. Vi sit meir i ro, og dette medfører ofte muskel og skjelettplager.

Lien Helse ynskjer å tilpasse eit individuelt opplegg til kvar enkelt sin livsstil. Dette ser vi på som nødvendig for betra helse.

Telefon: 916 02 667
E-post: hanne@lienhelse.no
ingvild.lienhelse@gmail.com

Åpningstider: Etter avtale

Du finn oss i første etasje (Spenst)


Kven er vi?

Hanne Lien – Ernæringsfysiolog

Som 15-åring fekk eg vondt i magen. Eg fekk utslett i ansiktet og følte meg slapp. Smertene kom etter kvart einaste måltid, og eg forstod etter mange testar utan funn at eg måtte gjere noko med kosthaldet mitt. Eg kunne ikkje lenger ete det eg åt før, og omstillinga medførte mykje prøving og feiling. Men med auka kunnskap kom auka interesse, og dette er hovudgrunnen til at eg seinare valde ernæring som studieretning og yrke. Eg fann mi løysing. Eg vart kvitt smertene og utsletta, og fekk energien tilbake.

Erfaringsmessig er det mange som slit med vanskar liknande dei eg hadde. Fordøyingsproblem og intoleransar er hyppige plager i dagens samfunn. På bakgrunn av eigne erfaringar og djupare forståing for faget, har eg eit stort ynskje om å hjelpe andre til å oppleve dei positive følgjene ei kosthaldsendring kan ha.

For meg er det viktig å føle eit overskot av energi i kvardagen. På grunn av dette fokuserer eg på styrketrening og fjellturar som treningsform. Styrketrening byggjer ein sterkare kropp, medan fjellet gir meg naturopplevingar og kondisjon. Vegen mot ei vellukka livsstilsendring startar med ein kombinasjon av aktivitetar og mat ein likar. Derfrå er det ofte berre små steg som skal til for å oppnå vektreduksjon eller muskelvekst.

Mitt mål er at vi skal finne di oppskrift!

Utdanning

  • Idrett grunnfag – Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Bachelorgrad i Ernæring – Atlantis Medisinske Høgskole
  • Kurs i maksimal feittforbrenning – Akademiet for Personlig Trening

Erfaring

  • Ernæringsfysiolog ved Lien Helse og Spenst Førde sidan 2013

Ingvild Lien – Personlig trenar

Etter ei aktiv barne- og ungdomstid og mange år med fotball og volleyball, var det i starten av 20-åra at eg fekk opp auga for styrketrening. Interessa førte til at eg utdanna meg til personlig trener, og med ny fagleg forståing kom betre treningsresultat. Dårleg haldning og ubalanse i muskulatur gav meg i ein periode ryggproblem, men eg fekk etterkvart erfare at auka fokus på teknikk, riktig val av øvingar og fleksibilitetstrening var løysinga på problema. Denne positive og lærerike erfaringa har gjort meg svært motivert for å tilrettelegge og hjelpe andre med å trene riktig.

Då eg byrja med styrketrening var det heilt klart å forme kroppen min som var hovudmålet. Dei siste åra er det derimot prestasjon som har stått mest i fokus, og eg opplever at resultata no kjem mykje fortare enn før. Motivasjonen er også meir stabil, grunna jamnleg mestringskjensle og gleda rundt ny måloppnåing.

Dei siste åra har eg utvikla ulike matintoleransar, og har difor måtte legge om kosthaldet mitt. Plagene har forsvunne, og samstundes er eg overraska over kor positiv innverknad kosthaldsendringa har hatt på energinivå og humør.

Mitt ynskje som personlig trener er å hjelpe andre til å gjere seg dei samme positive erfaringane som eg sjølv har hatt rundt trening og kosthald. Personlege opplevingar, i tillegg til utdanning og kurs, har gitt meg eit godt grunnlag for individuell tilrettelegging av livsstilsendring, feittreduksjon og muskelvekst.

Utdanning

  • Bachelorgrad i folkehelsearbeid – Høgskulen i Bergen
  • Personlig trener – Norges Idrettshøgskole
  • Poliquin International Certification Program – Nivå 1 og 2
  • Funksjonell anatomi og fysiologi – Bjørknes Høyskole
  • Kurs i maksimal feittforbrenning – Akademiet for Personlig Trening
  • Kurs i hypertrofi – Akademiet for Personlig Trening

Erfaring

  • Treningsrettleiar og personlig trener ved Spenst Førde sidan 2011
  • Personlig trener ved Lien Helse sidan 2013