Kiropraktor Eigil Instebø

Mine offentlege rettigheiter og plikter:

Kiropraktorar er ein primærhelsekontakt, dvs. at ein treng ikkje tilvising frå t.d. lege. Dette har gjeve oss utvida rettigheiter; vi kan sjukmelde for muskel- og skjelettproblem i inntil 12 veker ved behov. Kiropraktorane har rekvisasjonsrett til vidare undersøkingar som røntgen, MR, CT etc. Vi kan også tilvise til spesialistar i offentleg og privat sektor, eller til fysioterapi der det trengst. Alle pasientar som går til kiropraktor får ein del av behandlinga dekka av Helfo (trygdeandel). Denne andelen er trekt frå eigenandelen som betalast hos kiropraktoren.

Idrettserfaring:

Eg har vore aktiv langdistanseløpar på nasjonalt nivå i friidrett, og har nokre medaljar frå norgesmeisterskap på ungdoms- og juniornivå. Diverre fekk eg idrettskarrieren spolert av diverse belastningsskadar. Konkurransemessig blir det no mest landevegsløp som maraton, samt motbakkeløp og orientering. Mi breie erfaring med trening på høgt fysisk nivå, og mine mange belastningsskadar har gjeve meg mykje praktisk erfaring om tilpassing av trening. Eg har også undervist om tema som prestasjonsfremjande trening, tilpassa trening for utøvarar med skadar, og førebyggande tiltak for å unngå skadar. I tillegg har eg organisert og leia treningar for bedrifter og idrettslag på ulike nivå, og med ulike ynskjer og målsetjingar.

Telefon:
994 88 373

E-post:
eigil.instebo@gmail.com

Opningstider: 
Mandag: 07:00-16:00
Tysdag:   07:00-16:00
Torsdag: 07:00-16:00
Fredag:   07:00-16:00