Fysio Sør

Helsehuset Førde, i 4. etasje

Kristine Løvlie jobbar som privatpraktiserande fysioterapeut ved Fysio Sør. Ho har også kontor på Jølster treningssenter på Vassenden.
Kristine flytta til Førde som nyutdanna i 2013, og har sidan då opparbeida seg erfaring frå privat praksis, kommune og sjukehus, og hatt ulike arbeidsoppgåver i regi av Spenst Førde, Spenst Florø, Jølster treningssenter. Ho er også instruktør for Førde IL, symjing og fysioterapeut for damelaget i Førde Handball (1.divisjon).

Som Spenst-fysioterapeut har ho ansvar for dagleg leiing av helsetilbodet til Spenst. Ho jobbar med å lyfte fram lågterskel konseptet, og tilpasse trening til alle grupper – også dei som har sjukdomar, skadar, funksjonshemningar, eller dei som ikkje har treningserfaring eller har motivasjonsvanskar med å komme i gong med faste treningsrutinar.

Kristine er kvinna bak Aktiv Kvardag i Jølster, eit gratis treningstilbod for alle med nav-tiltak, starta i oktober 2016. I Førde har ho starta opp eit anna gratis aktivitetstilbod i samarbeid med Spenst – Gå og bli kjent: 1 times tur i veka, der målet er tur og trim, trivsel og sosialt samspel.

Ved sidan av alle gruppetilbod, tar Kristine inn pasientar til individuell behandling. Hennar praksis baserer seg på vitskapeleg dokumenterte undersøkingar og behandlingsformar, der målet er å framme ein endringsprosess hos pasientane ved å fjerne eller lindre smerte, betre eller oppretthalde funksjonsemne.

Ho tilbyr:

  • Undersøking og diagnostisering
  • Aktiv rehabilitering med øvingar og sjølvstendiggjering
  • Manuell behandling, leddmobilisering, sirkulasjonsfremming
  • Djupmassasje og triggerpunktbehandling, for å løyse opp spent muskulatur
  • Trykkbølgjebehandling, mot f.eks kroniske senebetennelser
  • Skadeførebyggjande treningsprogram

Fysioterapeut Kristine Løvlie

Kristine Løvlie

Telefon: 461 27 585